annonser
her


Henning Sommerro: "Svarrabærje"

Det er no 1 år sidan Henning Sommerro ga ut viseplata "Vårsøg". Sidan den gong har han giort mange musikalske bukkesprang. Her kjem ei ny plate i same melodiske landskap; Svarrabærje, eit portrett av diktaren Hans Hyldbakk.
Kva er så Svarrabærje?
I tillegg til å vere tittel på ein av songane, er det berget som giev orakelsvar når du stiller deg under det og veit å stille spørsmål på rette måten. Både melodiane og tekstane på plata har vorte til over eit langt tidsrom.

Dei eldste tekstane er frå 20-talet og strekkjer seg fram til vår tid. Melodiane er laga i perioden mellom 1968 og 1995. Hyldbakk, som snart har overlevd eitt hundreår, skriv spontane og romantiske tekstar som kler Sommerros melodiar og arrangement. I botnen av visene ligg klangen frå folketonen, eit par av dei er tradisjonelle folketonar. Hans Hyldbakk (f. l898) kjem frå same bygda som Sommerro, Surnadal på Nordmøre.
Han har skrive i alt ni diktsamlingar og er ein pioner som lokalhistorikar og bygdebokforfattar. Han fekk Fylkeskulturprisen i Møre og Romsdal i 1973 og Kongens gullmedalje i 1994. Men han braud seg ikkje om å hente han sjølv.
Hyldbakk er ein av dei få som har fått se sitt eiga liv på ein teaterscene. I 1995 hadde Teatret Vårt i Molde premiere på "No skin det sol - ein kabaret orn Hans Hyldbakks liv og dikting."

Med seg i studio på Svarrabærje-produksjonen hadde Sommerro bassisten Bjørn Kjellemyr, trommeslagaren Rune Arnesen og saksofonisten John Pål Inderberg. Sjøl syng han og spelar piano.


Platen er produsert av Erik Hillestad.
FXCD 1 65
Henning Sommerro: Svarrabærje
Kirkelig Kulturverksted

[Tilbake til oversikt]


Tilrettelagt for Pluto av WIT AS