Ronny Spaans
dikt


 

 
 
Dagar og år

Når natta endeleg er omme,
du opnar vindauga og slepper den klåre
lufta av morgon, duren av trafikk
og fuglekvitter inn i rommet,

kor evig er ikkje dagen då med sitt vell
av frisk og reint nærverande,
og kor uendeleg langt borte ligg
ikkje den siste lyse timen og kveld.

Men åra labbar likevel av stad
så løynsk og lumsk som ein grevling
som brått står framfor deg, men du fyrst oppdagar
når du ikkje lenger veit kor han vart av.


Månen

Kva kjem bleikskapen din av?
Redsler for at tida ikkje står,
men berre går, at ditt frosne kranium
vil smelte i ein komande vår?
Men om eg sit her så teiande stum
og undrast på slutten av alt
- kven andre enn deg ser eg reke
på himmelen som leivningen
av ei forhistorisk tid, men aldri éin
einaste time eldre enn fire veker?

Kva er du, eit rundt bekkenbein
på ein dinosaurus, ein kvit fossil,
eit urdyrs urokkelege forsteining.
Ei fortid som lett og liljerein
fell gjennom skyer i det fjerne
og søkk og søkk og lyser samstundes
skyene opp innanfrå lik ei lanterne.
Ei adventstjerne som dalar og dalar
ned i mørkret, men varslar verken
visemenn eller hekser lenger.
Ei sareptakrukke av isande kulde,
ein engel med innslegne venger,
ein halvopen munn, ei stille stund.
Eit sukk i mørkret, ei lydløyse
i spegelbiletet i ein brunn,
eit kondenserande pust mot glas.
Ein Tor med vogna gjennom stilla
på motorvegen ein tidleg morgon,
der berre det eine frontlyset verkar.
Snart ein skinande klåre på himmelen,
så uhyggeleg kvass og forsterka,
snart borte igjen, oppløyst bak skyene
og så umerkande konstruert og fiktiv
eg berre tok deg for ein metafor.
Men likevel, du finst, vi har gjennomskoda
baksida di, landa på deg og trakka
på di støvute konstante jord.

Kor mange fåfengde bilete
kan eg ikkje slite di overflate med?
Kanskje dét er grunnen til at du er bleik,
ein sundsliten, sundpussa mynt,
etter tusnar av år å bli gøydd på
av hundar og narra opp i stry
med klisjéar av diktarar og skaldar?
Men går det tretti dagar og du er
igjen så forunderleg urørt og ny.

Tilbake til siden om Ronny Spaans