Under snøen

For første gong kjem klassikaren Under snøen (1983) ut i billigbok i 2009.


Eit avsidesliggjande, forfallent hus med mange rom er bustaden til den unge organisten Stefan og ei brokete samling personar som litt etter kvart har flytta inn der. No er dei alle innesnødde.

Og det skaper problem for alle så nær som Den Gamle, som fann på å døy etter at snøen kom, men før han fekk lagt ifrå seg Playboy og gøymt nøkkelen til skrinet med dei 450 000 kronene og testamentet.

.

Når du les ein roman av Ragnar Hovland som det står kriminalroman på, er det heilt garantert noko kriminelt med romanen, men kanskje ikkje akkurat på den måten du forventar. Forfattaren har definert seg sjølv som ein av dei fremste blant 80-talssentimentalistane, men han har ikkje noko sentimentalt forhold til sjangrar og andre litterære vegkart. I dei tjuetals bøkene Hovland har skrive går sorg og glede hand i hand, bøkene for barn og vaksne knyter seg tett saman, det same gjer bøkene innan ulike sjangrar. Grovt sett handlar det alltid om ein gut som er forlatt av foreldra og som sørgjer. Men han blir aldri passiv og sjølvmedlidande, guten klarar av brasane på eit vis.

Og det er mykje som skjer får ein kjem dit. I bøkene finst allslags folk, dei fører meisterlege dialogar, tek rotta på kvarandre på ymse måtar, og dei tek heilt sikkert ein tur med bil eller motorsykkel, fortrinnsvis på kronglete vestlandsvegar. Bøkene har referansar til musikk og film, samt litterære heltar som Alice, Hardyguttene og Huck Finn. Det er ikkje alltid lett å halde augene på den vegen forteljinga følgjer når det stadig dukkar opp slike små avstikkarar og sidevegar. For det er gleda over turen som tel i Hovland sine bøker, ikkje kor ein endar opp."
(Brit Bildøen)

Ragnar Hovland (født 15. april 1952 i Bergen) er en norsk forfatter, dramatiker og oversetter.
Ragnar Hovland er utdannet cand.philol med engelsk, fransk og litteratur fra Universitetet i Bergen. Han debuterte som forfatter i 1979 med romanen Alltid fleire dagar.

Hovland skriver for barn, ungdom og voksne, på nynorsk. Han har mottatt en rekke priser for sitt forfatterskap.Ragnar Hovland er også musiker; han spiller keyboard og synger i bandet Dei nye kapellanane.I 1997 var han festspeldiktar ved Dei Nynorske festspela.
I mai 2008 var Hovland festspeldikter til de litterære festspillene i Bergen.
Ragnar Hovland er dattersønn av biskop Ragnvald Indrebø.

Prisar
Kultur- og vitskapsdepartementets debutantpris 1980 for Det får stå til
Norges Mållags barnebokpris 1981 for Den flygande sykkelen
Ein av tre likeverdige vinnarar i Samlagets romankonkurranse 1985
Førsteprisvinnar i Eides barnebokkonkurranse 1985 med Sjømannen, tante Elida og dei største eventyr
Noregs Mållags barnebokpris 1986 for Sjømannen, tante Elida og dei største eventyr Omsetjarpris frå KUD 1989 for Den siste sjørøvaren
Melsom-prisen i 1990 for Sjølvmord i Skilpaddekafeen
Brageprisen 1992 for Ein motorsykkel i natta
Noregs Mållags barnebokpris 1994 for Bjørnen Alfred og hunden Samuel forlet pappkartongen
Festspeldiktar ved Dei Nynorske festspela 1997
Kritikarprisen 2001 for Ei vinterreise
Nynorsk litteraturpris 2001 for Ei vinterreise
Samlagsprisen 2001 for Ei vinterreise
Vinjeprisen 2005
Kritikarprisen 2006 for Fredlaus

Dr. Munks popleksikon

Dette er boka som heile pop-Norge har venta på: ei nærmast fullstendig oversikt over Ragnar Hovlands platesamling. Frå dei første perlene frå Ønskekonserten via tysk post-punk til den klassiske hip hop-singelen «Double Trouble Remix».
Hovland avslører både god og dårleg smak, og viser såleis for ein gongs skyld menneske lege sider. Ikkje minst ved å innrømme at han har vore forelska i Barbra Streisand. Her er endeleg pophistoria slik den skulle ha vore skriven, og ingen har frå no av noka orsaking for ikkje å vite kven som til ei kvar tid spelte i John Mayall’s Bluesbreakers.

Dette er verdas mest subjektive popleksikon, i tillegg til ein musikalsk sjølvbiografi, og forfattaren tar ikkje imot kritikk, verken for eigne vurderingar eller for alle dei som ikkje kom med

Dagbladets side om Hovland finner du her

Nrks side om Hovand kan du finne her

Aftenpostens side om Hovland her

Intervju med Hovland i Nettbiblioteket kan du lese her.