Langrenn tematiserer Erling Indreeide mellom anna striden mellom lengslar, eigne og slike som høyrer anna liv til. Korleis og med kva rett forsvarar ein den eine lengsla mot den andre?

Og han lar dette munne ut i ein diskusjon av forsvarspolitikk og ein glitrande utlegging av natos «out of area»-doktrine.

Langrenn famnar bredt og er prega av ein forfattar som med humor og stort alvor samanfører abstrakt kunnskap og konkret erfaring på nye og overraskande måtar. Erling Indreeide har skapt ein sjangarmessig bastard, ei essayistisk diktsamling med episk-narrative og filosoferande nivå, ei samling om politikk og kjærleik, som òg inneheld ein hyllest til langrenn.

Omtale

”Politisk diktsamling med skiløperens sans for lange linjer og kryssende spor. Langrenn beveger seg utenfor både diktet, kroppen og jeg-ets begrensninger. Det er spenstig og godt gjort.”
TOM EGIL HVERVEN, KLASSEKAMPEN

”Språkleg brytningsarbeid. Overtydande kombinasjon av klårt resonnement og poetisk kraft. Erling Indreeide har i Langrenn utvikla eit essayistisk lyrikkformat som ved første augnekast kan verke språkleg kompakt, men som fungerer svært godt når ein først kjem inn i tankebanane og fell inn i rytmen … Her viser Indreeide fram ei kritisk og mønstergyldig øving i presis bruk av omgrep og diskursive framstellingar.”
SINDRE EKRHEIM, BERGENS TIDENDE


”Mens Indreeides forrige bok var et stykke poetisk essayistikk, er han nå tilbake med en samling essaystisk poesi … Indreeides nye bok er en kompleks, personlig fundert, poetisk refleksjon over dagens Norge … Indreeide behandler alle de små og store kampene, krigene og rettstvistene som strid mellom lengsler. Til dels oppfatter jeg det som en poetisering, til dels gjør det at boken fremstår vel så filosofisk som egentlig politisk. Indreeide er klart samfunnskritisk, men på en underfundig, godlynt ironisk måte”


MARIANN ENGE, AFTENPOSTEN
”Erling Indreeide markerer seg igjen som ein ordkunstnar … Filosofiske og resonnerande, reflekterande og ekspanderande, innlemmande og utleverande, ja, det er eit uvanleg diktspråk og jamvel eit vanleg språk, men i ein uvanleg samanheng. Det rare er at omtrent alt saman fungerer utruleg bra, og i sin kompleksitet seier det mykje meir enn delane, og det skarpare enn linjene ein kan sitera. Det seier noko om kor samansett og komplekst samanhengen mellom oss og samfunnet, mellom olja vår og internasjonal kapital, mellom tenkinga, språket og jorda, er. Denne diktaren tek oss med inn i oss sjølve, ut i ei krigsherja verd og me kan enda «lengst ute/i forståingshorisonten». Dit kan den gode poesien ta oss”
HELGE TORVUND, DAGBLADET

langrenn

erling


Erling Indreeide (f. 1945) debuterte med diktsamlinga Trakter i 1972, og har sidan gjeve ut seks diktsamlingar, eit musikkdrama, ei gjendikting, barneboka EPLEkosMOS, samt Reiser seg og går (1993) og Tann for auge (2001) med genrenemninga soger. I 2003 kom essayet Utdrag frå MISTRU DEN SOM IKKJE ER NOSTALGISK! med merknader, og for den mottok han Melsomprisen.