Kjetil A. Brottveit.
forfatter

 


 

 
 

Nattradioen er debutboka til Kjetil A. Brottveit. Romanen startar slik:


Kari går oppover bakkane mot Tyholttårnet og håpar at nokon har ynskt seg Joni Mitchell. Musikken fargar livet hennar, og no spelar ho Blue av Mitchell på den berbare CD-spelaren. Ho held seg til den faste ruta og fylgjer Kristianstensbakken oppover mot festninga.

 

Hausten ligg og vippar der ho går gjennom trondheimskvelden. Ho har plommesmak i munnen, for før om dagen tenkte ho: Ok, ho fekk late det vere haust ei stund til. Etter vekevis med mykje regn, hadde det vorte klårt og kjølig. Kari treng av ein årstidshimmel over livet. Sommaren har den vanskelegaste himmelen, med evindelege idyllførestellingar laga av Johan Borgen, Sigurd Hoel og Lars Lillo-Stenberg. Himmelen er høg om hausten òg, men sola er skrå og mindre forpliktande. Dei nasjonale overbygningane om soppturar og kan hende eit besøk til foreldra for å plukke rips er meir overkomelege. Likevel, hadde ikkje klårvêret kome denne veka, måtte ho kanskje ha tjuvstarta på advent. Det vert ofte slik: Når den mørkaste, farlegaste hausten kjem, ventar ho på advent, ventar på ventetida.