Thore Eithun Helland
forfatter

 


 

 
 

Bitter, honningsøt kjærleik

 

Dette er ein romandebut handlingsmetta av alt frå varme sommerminner og vare relasjonar til destruktiv vald og tvilsam seksualmoral. Ei uvanleg underhaldande forteljing om damehistorier og venskap, om fyll og slagsmål, sterkt påverka av den amerikanske romansjangeren.

Den nyutdanna juristen Anders dumper dama i Oslo for å følje barndomens spor i Nordheimsund. Der får han sommarjobb i resepsjonen på eit hotell. Han treff stadig nye kvinner, utan at livet blir enklare av den grunn. Tvert imot. Når sommaren er over, vender han tilbake til den verpesjuke sambuaren og ei stilling i departementet, men ei av kvinnene følgjer etter. Til slutt blir han tvinga til å velje mellom kjærleiken og plikta.

 

 

Thore Eithun Helland (f. 1965) er fødd i Sogndal og oppvaksen i Norheimsund i Hardanger. Han arbeider som jurist i Kommunaldepartementet i Oslo. Helland har også jobba som dommarfullmektig og har advokatløyve. Dette er første boka hans.