Sigmund Løvåsen
forfatter

 


 

 
 

Livleg og godt skildra frå debutant

Geir og Finn skal bli sauebønder og skihopparar berre dei blir vaksne. "Lèt seg kombinere, det. Vi får leige inn ein avløysar til verdscuper", slår Finn fast.

Geir er ti år og bur på eit småbruk saman med familien, dei driv med sau. Alt følgjer sitt vante, trygge mønsker, styrt av årstidene og arbeidet som følgjer med. Så blir faren sjuk og dei må legge ned mønsterbruket. Geir må innfinne seg med at det nære forholdet han har til dyra er over.

Men landskapet rundt gir han glede, og han har kameraten Finn. Sjølv om han sørgjer, er det mykje å gle seg over også, han får seg byjentekjærast, han og Finn lagar hoppbakkar, og dei fløter tømmer i elva. Gjennom mange livlege og godt skildra episodar får vi på ein klok og fin måte bli med inn i Geirs barnlege verd.

 

Sigmund Løvåsen (f. 1977) er frå Trysil, har gått på forfattarstudiet i Bø og studerer no ved Universitetet i Oslo. Dette er den første boka hans.