Førsteside | Program | Magasin | Antologi | Informasjon
 
 

 

Morgonkaffi
med Elvis


Vidar Dahl

 

 
 

Kaffikjelen stod bordet. Den stod  vifta med vingene i eit fors¯k p  lette. Men han var tung og hadde store vanskar med  ta av ifr bordet. Det var fyrst d han tok springfart og slengde seg utfor bordkanten at han klarte  halde seg p vingene.
Kjelen f¯yk ein runde p kj¯kkenet, skjeina nedom komfyren og liksom sa ha det og takk for alt, f¯r han i ei stolt glideflukt forsvann ut av d¯ra og inn i eit anna rom. Det var der, eller dÂ, eg vakna. Det var ikkje godt  seie.
Eg hadde ikkje dr¯ymt noko eg kunne hugse p fleire mÂnader. Og nÂ, vakna eg or ein draum eg hugsa, til ei kaffilukt som seg mot meg; oppi ei seng eg ikkje kjende att.
Kaffilukta kom fr ein kopp som stod p ein stol ved sia av senga.
Det dampa kaffilukt opp av han.
Eg strekte ei hand etter koppen, trekte ho til meg, greip omkring han med begge hendene og heldt han under nasen. Eg drog inn dampen.
Lukta.
Nasen blei fuktig av dampen som kj¯lna p han. Eg lot koppen sige ned til leppene, vippa litt p han og slurpa i meg ein smak.

Rommet hadde tak og golv og fire vegger.
Taket og golvet var som tak og golv flest.
Ikkje noko spesielt.
Verre var det med veggene.
Dei var tapetsert; med bilder. Fire heile vegger; med fargebilder. Av Elvis. Den tjukke og feite Elvis. Fr den siste tida hans. F¯r han sette seg p do og trykte litt for hardt til. Viva Las Vegas!
Det er mykje ein skal ha att for  smile p kveldstid.
Eg tok ein st¯yt til av kaffikoppen medan eg pr¯vde  lokke fram eit par nÊre minner. Men det einaste kaffien lokka fram var kvalmen, som n hadde fÂtt p seg arbeidskjorta si og heldt p med  brette opp armane og gni s¯vnen ut av auga.
Eg var ikkje mann til  hugse kvar eg tok den fyrste drammen eingong. For alt eg visste kunne eg vere i sj¯lvaste Graceland, sj¯lv om akkurat det var vel heller lite truleg.
P veggen framfor senga var det ei d¯r. Ho stod ein smule p klem. Inn den tynne d¯rsprekken Âla musikken seg inn i rommet, bukta seg vidare oppi senga og hogg tak. Opp Elvis si hulkande valiumr¯yst f¯lgde ei tannskjerande stemme, som mest av alt minte om Olga Marie Mikalsen p ein sÊrdeles dÂrleg blanding av Ritalin og portvin.
Love me tender!
NÂ var det klart at det var fleire sjuke menneske her.
Mest sansynleg stod det ei middelaldrane psykotisk Elvis-fanatikar p kj¯kenet  steikte banan og pean¯ttsm¯rsandwicher til meg. Og det var sikkert ikkje alt ho hadde tenkt  servere meg heller.
Eg hadde mest lyst til  knipe att auga, telje til ti og hÂpe p  vakne ein annan og betre plass. Men det har eg pr¯vd f¯r, utan sÊrleg hell.
PÂ den andre veggen, den til h¯gre for d¯ra, hang det ei svart, nertrukken rullegardin som fortalde at: ELVIS LEVER. Bakom ville det venteleg vere ei vindaugsrute.
Eg sette koppen varsamt tilbake p stolen ved sia av senga og gjorde to nye oppdagingar d eg stod opp.
Det fyrste eg oppdaga var sengekleda.
Eg hadde logge saman med Elvis. Han var i heilpositur p dynetrekket; naken og feit.
Den andre oppdaginga kom d eg b¯ygde meg ned for  ta opp underbuksa som lÂg saman med resten av kleda i ein haug ved sia av senga. Vrengt i kÂtskap og fyller¯re.
Mot mi vilje oppdaga eg kj¯nnsorganet mitt. Det sÂg slettes ikkje fint ut. Livlaust og rosa som ein nyflekka Âl hang det der og lyste opp. Kva det hadde fÂtt over seg var ikkje vanskeleg  tenkje seg til. Han var ikkje kresen av seg den karen. Hadde det vore meir liv att i ham hadde han vel smilt til meg av rein takksemd.
Det einaste romslege eg kunne sj som ikkje hadde noko med Elvis  gjere var kaffikoppen. Den stod det ìVerdens Beste Bestemorî pÂ. Elles var det berre Elvis. Eit reindyrka Elvis-rom, der eg hadde spela rolla som ein forpult konge.
Eg fekk lirka kleda p meg utan fleire overraskingar. Til og med skorne mine stod der.
Atter eingong retta eg blikket mot rullegardina og lista meg mot ho. Vindauget var ut til ein bakgÂrd av det grÂ, gamle og slitne slaget. Det var to etasjar ned; ikkje verre enn at eg kunne hoppe med eit smil i den situasjonen eg n var i.
Eg opna vindauget og smaug den misbrukte kroppen min opp i glaskarmen.
Medan eg sat der og dingla med beina lovde eg meg sj¯lv  barbere vekk kinnskjegget mitt, knuse alle Elvis-plater som kom i min veg og aldri syngje ei strofe til av same mann. NÂr eg tenkte meg om s var det i hovudtal middelaldrane stygge damer som likte Elvis n for tida. Om eg i det heile tatt skulle komme til  syngje noko etter dette s mÂtte det vere noko med Nick Cave. Det er han som er Elvis nÂ. Truleg er det finare damer som likar han Úg.
Eg drog ned rullegardina att f¯r eg hengde meg ifr karmen og slapp taket, som ein slags angrande psyko-versjon av Romeo.
Det gjekk fint.
Heilt til landinga. Den var beinhard og virka som ein sprettball p magesekken.
I hovudet lydde eit ìvarsku herî fr eit heilt arbeidslag av t¯mrar.

Utan meir nemneverdig skade enn ein utspydd sko som kunne skyldast i nÊrmaste vask kom eg meg ut av bakgÂrden.
Byen var ikkje st¯rre enn at eg kjende igjen ei gate nÂr eg sÂg ei. NÂ stod eg i ei, og eg kjende meg att.
To kvartal lengre opp i gata kom trikken. Eit halvt kvartal nedanfor var trikkestoppen.
Eg gjekk dit.
Der stod forsyne meg Jan Erik Vold med dei gr kr¯llene sine og pirka i ein loff. Han smilte og tok opp ein gammal fem¯ring fr dei gr lommene sine d han sÂg at det var ein av dei svenske trikkane som kom slentrande nedover.

Eit gneistregn og omtrent sju minuttar seinare stod eg utanfor den d¯ra som eg altfor ofte har gÂtt inn.
Skiltet som ein fordums fordrukken kunstnar hadde laga i rustent stÂl og kjetting hang over d¯ra og gnei fr seg skjerande knirkelydar i morgonvinden.
I plata var bokstavane brent ut: BLI DRITA.
Det var det plassen hette.
Norsk s det held.
For eit par Âr sia fekk plassen til og med SprÂkrÂdet sitt diplom for godt norsk namnevett.
Lettare avgjer enn det Âret hadde ikkje juryen hatt.
Innanfor var det brunt og norsk, som eit bingolokale med skjenkebevilling; der dagens vinnartal ligg som smÂmyntar i slitne lommer.
Og framleis var det altfor tidleg til at lokalet var r¯ykfylt.
DÂ eg steig inn d¯ra flirte Rashin det fliret som berre ein bivÂnar bak ein bardisk kan varte opp med.
-Er det ikkje sj¯lvaste Elvis som er tidleg oppe? Hadde han stÂtt framfor baren, ville eit slikt flir kosta juling s tidleg p dagen.
Men eg var ikkje snauare enn at eg sj¯lv tok p meg eit kjekt flir og bad han finne fram ein halvliter, ein Campari og dei Elvis-platene eg visste han hadde liggjande bak baren.
-Camparien oppi halvliteren?
-Kva trur du? Og alle Elvis-platene!
Han flirte og prata uavlateleg. Eg hadde redda kvelden hans igÂr. NÂ sÂg det Úg ut for at eg skulle redde f¯remiddagen hans.
-Det ser ut som om du har oppleva ei skjede verre enn d¯den, hiksta han s Camparien skvulpa i mÂlebegeret.
Etter kvart fekk eg det eg bad om. Ein djupraud, rusten halvliter og sju-Âtte cd¥ar.
Eg tar meg ein kraftig slurk av halvliteren. Vemodig blar eg meg gjennom stabelen av plater, f¯r eg slenger dei p golvet framfor baren og hoppar opp og ned nokre gonger.
-Det er p tide at du kj¯per nokre Nick Cave plater. Elvis er ut!
Rashin, som ellers var ein absolutt ikkje truande muslim, blei brÂtt truande til det meste. Det kjekke fliret som berre ein bivÂnar bak ein bardisk kan varte opp med blei no bytta ut med ein aktiv knyttneve tilh¯yrande ein forbanna bareigar framfor ein bardisk.

Eg hadde ei snusleppe til forveksling lik Elvis si, d eg vandra heim.
Heim for  barbere av meg kinnskjegget.


 

 

 
 
FørstesideProgram | Magasin | Antologi | Informasjon